06/07/2022
Midt i Sunnfjord kommune ligg Mo og Øyrane vidaregåande skule. Skulen er geografisk todelt, Mo som ligg 11 km frå Førde sentrum og Øyrane som er plassert i Førde sentrum. Totalt har skulen om lag 160 tilsette og 480 elevar fordelt på 38 klassar. Skulen tilbyr utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektro- og datateknologi, Service, service og reiseliv, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknologi og industrifag og Naturbruk. I tillegg har skulen undervisning ved sosiale og medisinske institusjonar i Førde, vaksenopplæring og ulike kurs. Skulestad Mo har internat med plass til 80 elevar. For meir informasjon gå til skulen si heimeside http://www.moy.vgs.no
Vi har ledig 100% Undervisningsstilling innan Elektro og datateknologi
Arbeidsoppgåver
Undervisning i praksis og teori på elektro og datateknologi innan automasjon
Utarbeide dokumentasjon og planar for undervisninga
oppfølging gjennom vurdering og rettleiing av elevar
Det skal leggast til rette for at elevane i dei ulike klassetrinna kan bestå faget med best mogleg resultat etter sine føresetnader. Undervisninga skal tilpassast den enkelte elev ut frå sitt meistringsnivå
Det må leggast opptil samarbeid med dei andre lærarane som underviser i klassane
Kvalifikasjonar
Fagbrev innan elektrofag/automasjon
Høgare utdanning innan elektrofag (Bachleor eller tilsvarande) med fokus på automasjon
Datateknisk kompetanse
Praktisk erfaring og utdanning innan fleire felt i elektrofaga
Gode tekniske og faglege ferdigheiter
kunne beherske IT og relevant programvare
Kunne beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Fagleg pedagogisk oppdatert
Evne til å setje seg klart definerte mål for undervisninga
Evne til å reflektere over og å forbetre eiga undervisning
Evne til å samarbeide og dele
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande regulativ - Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår - Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar - Gode pensjons- og forsikringsvilkår - 6 månaders prøvetid
Den som blir tilsett må legge fram godkjent politiattest jfr. opplæringslova §10-9
I vidaregåande opplæring er det krav om å ha fullført Praktisk Pedagogisk Utdanning (PPU-Y). Det vil verte gode moglegheiter til å fullføre dette etter at ein vert tilsett i stillinga.
Spørsmål om stillinga kan rettast til : avdelingsleiar Reidun Kristiansen tlf 91694011 epost: reidun.kristiansen@vlfk.no
Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via lenkje på www.vlfk.no sine nettsider under ledige stillingar. Vitnemål og attestar skal leggjast fram ved eventuelt intervju. Det vert teke atterhald om at overtallige ved andre skular kan ha rett til utlyst stiling.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. jf. hovudavtalen del , §3-1c og d
Kontaktinformasjon: Reidun Kristiansen avdelingsleiar Telefon 916 94 011
Vestland fylkeskommune