Sogn og Fjordane Energi AS

Vil du bli vår nye kollega?

SFE er eit av dei største energiselskapa på Vestlandet. I SFE-konsernet har du mange alternativ om du ønskjer å jobbe innan fornybar energi – ein sjanse til ei framtidsretta karriere, basert på vasskraft  frå energifylket Sogn og Fjordane.

For oss er våre medarbeidarar ei investering i menneske, kunnskap og engasjement. SFE er også ei prisbeløna føregangsbedrift innan IA-arbeidet (inkluderande arbeidsliv). Vi har eit lågt sjukefråvær og høg medarbeidartilfredsheit, og SFE-medarbeidaren er stolt av jobben sin.

SFE har i dag 260 engasjerte og høgt kvalifiserte medarbeidarar innan eit mangfald av fagområde. Om lag ein tredjedel av våre medarbeidarar er ingeniørar med høgare teknisk utdanning, og like mange er fagarbeidarar som jobbar ute på drift og nybygging av tekniske anlegg. Andre medarbeidarar finn du i utfordrande stillingar innan m.a. IKT, krafthandel, økonomi/finans og marknad.

Med utgangspunkt i ambisiøse klimamål er SFE-konsernet inne i ein periode med stor utbyggingsaktivitet på både nett- og produksjonsanlegg. Det stiller store krav til kompetansen vår, og gir moglegheit for utfordringar og utvikling.

Som engasjert medarbeidar i SFE har du kraft til å påverke framtida.

12/10/2021
SØKNADSFRIST: 01.11.2021 Som medarbeidar i Linja AS har du jobb som gir meining. Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga. Eit robust straumnett er nødvendig for å frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Eit aukande behov for straum i framtida og mål om å bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi gjer straumnettet til ein kritisk infrastruktur for utvikling av samfunnet. Både utvinning av ny fornybar energi og ei aukande elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere våre utslepp. Linja AS har eit omfattande program for utvikling av linjenettet i forsyningsområdet. Mykje av nettet nærmar seg teknisk levetid som fører til oppgraderingar og nybyggingar i mange år framover. Samtidig er det stor aktivitet med nye tilknytingar i overliggande nett som genererer tiltak i distribusjonsnettet. Dine oppgåver: Planlegge og følgje opp vedlikehaldsoppdrag, i hovudsak i det regionale distribusjonsnettet. Vedlikeholdsanalyse for innspel til budsjettprosess. Følgje opp byggherreansvaret, med fokus på tryggleik, helse og arbeidsmiljø. Følgje opp kostnad, tid og framdrift i vedlikehaldsoppdrag, og rapportere dette. Andre arbeidsoppgåver innan kraftsystem ved behov Dette er deg: Du har bachelor eller tilsvarande innan elektrofaga. Du har gjerne erfaring frå prosjektering/byggeleiing og /eller fagbrev Du er framoverlent, sjølvstendig og ser nye løysingar på problem du står ovanfor Gode samarbeidsevner  Vi jobbar målretta for eit større mangfald. Vi oppmodar kvinner om å søkje på stillinga Oppmøtestad etter avtale, fortrinnsvis Sandane eller Florø  Kontaktperson Kristian Vassbotten Avdelingsleiar Kraftsystem 975 77 410
Sogn og Fjordane Energi AS
12/10/2021
SØKNADSFRIST: 01.11.2021 Som medarbeidar i Linja AS har du jobb som gir meining. Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga. Eit robust straumnett er nødvendig for å frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Eit aukande behov for straum i framtida og mål om å bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi gjer straumnettet til ein kritisk infrastruktur for utvikling av samfunnet. Både utvinning av ny fornybar energi og ei aukande elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere våre utslepp.  Linja AS har eit omfattande program for utvikling av linjenettet i forsyningsområdet. Mykje av nettet nærmar seg teknisk levetid som fører til oppgraderingar og nybyggingar i mange år framover. Samtidig er det stor aktivitet med nye tilknytingar i overliggande nett som genererer tiltak i distribusjonsnettet. Arbeidsoppgåver: • Prosjektleiar (eller delprosjektleiar) for store utbyggingsprosjektet i regionalnettet, både i prosjektering – og byggefase. • Følgje opp byggherreansvaret, med fokus på tryggleik, helse og arbeidsmiljø. • Følgje opp kontraktar med konsulentar og entreprenørar. • Følgje opp kostnad, tid og framdrift i prosjekta, og rapportere dette. • Andre arbeidsoppgåver innan prosjekt og porteføljeforvalting. Kvalifikasjonar: • Høgare utdanning, minimum bachelor innan elkraft eller automasjon • Gjerne erfaring frå fagområdet. Personlege eigenskapar: • Kjem lett i dialog med andre og har avklarande evner. • Er samarbeidsorientert og speler på lag med andre. • Har god orden og struktur i arbeidet. Vi kan tilby: • Varierte arbeidsoppgåver • Godt fag- og arbeidsmiljø • Framtidsretta arbeidsstad • Gode og ordna arbeidsforhold og -vilkår Oppmøtestad: Florø eller Sandane Vi jobbar målretta for eit større mangfald. Vi oppmodar kvinner om å søkje på stillinga  Kontaktpersoner: Gunnar Vassbotten Avdelingsleiar 90633858
Sogn og Fjordane Energi AS
12/10/2021
SØKNADSFRIST: 01.11.2021 Som medarbeidar i Linja AS har du jobb som gir meining. Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga. Eit robust straumnett er nødvendig for å frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Eit aukande behov for straum i framtida og mål om å bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi gjer straumnettet til ein kritisk infrastruktur for utvikling av samfunnet. Både utvinning av ny fornybar energi og ei aukande elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere våre utslepp. Linja AS har eit omfattande program for utvikling av linjenettet i forsyningsområdet. Mykje av nettet nærmar seg teknisk levetid som fører til oppgraderingar og nybyggingar i mange år framover. Samtidig er det stor aktivitet med nye tilknytingar i overliggande nett som genererer tiltak i distribusjonsnettet. Dine arbeidsoppgåver: Prosjektere og planlegge utførelse av kabelanlegg og nettstasjoner i 22-kV nettet og i lågspentnettet, samt fiberanlegg. Avklare grunn for anlegga våre. Sakshandsame offentlege avklaringar. Vere prosjektleiar både i prosjekterings- og byggefasen  Dette er deg: Du har ingeniørutdanning eller tilsvarande innan elektrofag. Du har gjerne erfaring frå prosjektering/byggeleiing og /eller fagbrev Du har avklarande evner og kjem lett i dialog med andre Du er samarbeidsorientert og spelar på lag med andre Du har god orden og struktur i arbeidet Oppmøtestad: Florø  Vi jobbar målretta for eit større mangfald, og oppmodar kvinner om å søke på stillinga.  Kontaktpersoner: Roald Svarstad Avdelingsleiar 97149961
Sogn og Fjordane Energi AS
12/10/2021
SØKNADSFRIST: 15.10.2021 Framtidsretta jobb med meining Har du lyst på eit meiningsfullt arbeid? Kloden vår ropar etter klimatiltak, og FN sine berekraftsmål syner tydeleg at fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga. Linja driftar og byggjer straumnett som effektivt fraktar straumen ut og fram til kundane våre. I tillegg er eit robust straumnett nødvendig for å byte ut fossile utslepp med elektrisitet. Både utvinning av ny fornybar energi og elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere utsleppet av klimagassar. Linja har stor nybyggingsaktivitet i tilknytning til den auka elektrifisering av samfunnet og produksjon av ny fornybar energi, samtidig som vi må drifte og vedlikehalde eksisterande nett for å sikre ei trygg straumforsyning. Vi har eit godt fagmiljø med brei og variert kompetanse innan prosjektering, bygging og drift av vår samfunnskritiske verksemd. Vi treng deg på laget som:   Energimontør, linje Dine hovudoppgåver: Som energimontør i vår gruppe vil du jobbe med drift og vedlikehald på Linja sitt overordna regional og sentralnett. Feilretting, utskifting av komponenter i kraftnettet Delta i inspeksjoner, tilsyn og befaringer  Du har: Fagbrev som energimontør. Erfaring med linjearbeid. Andre fagbrev innan elektrofag vil bli vurdert. Dette med mål om å ta fagbrev innan energimontørfaget. Du er: Ein person med godt humør og er i god fysisk form Er fleksibel, tek initiativ og liker å stå på Er oppteken av HMS og motivert for å vidareutvikle deg innan ditt fagområde For å lykkast i stillinga bør du trivast med trivast med varierte arbeidsoppgaver ansvar og er innstillt på ein del reise i arbeidet. Du er innstillt på å måtte rykke ut på større feil og straumavbrot. Du viser gode haldningar til HMS og arbeider  tråd med interne rutiner og instruksar. Du likar å ta ansvar og samarbeider godt med andre  Arbeidsområde og oppmøtestad: Du vil ha store deler av Sogn og Fjordane som ditt arbeidsområde, og ein del reiseverksemd må  påreknast. Oppmøtestad etter avtale i Sogn og Fjordane. Vi tilbyr: Gode forsikrings- og pensjonsordninger Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer Arbeidsordning med innarbeiding av fritid,fleksitidsordning, Gode og ordna løns- og arbeidsvilkår SFE arbeider aktivt og målretta for eit større mangfald og oppmodar også kvinner om å søke på stillinga  Kontaktpersoner: Tove Søreide Avdelingsleiar +47 938 12 685 tove.soreide.rindheim@sfe.no  
Sogn og Fjordane Energi AS