Ulstein kommune administrerer og legg til rette offentlege tenester innan ei rekke tenesteområde frå teknisk sektor, utdanning, helseteneste, omsorgsteneste. Kommunen legg stor vekt på universell planlegging og har innbyggarane sin helse som ein ledetråd i planleggingsarbeidet. I tillegg har kommunen lagt stor vekt på utvikling av myndige medarbeidarar og ei leiing som understøttar ei slik medarbeidarrolle.

22/06/2022
Ulstein kommune, teknisk etat søkjer etter leiar av anleggs- og driftsavdelinga. Leiaren har ansvar for drift, utvikling og utbyggingsprosjekt for tenestene vassforsyning, avløp, kommunale vegar, hamn og grøntanlegg. Leiaren har omfattande kontakt med innbyggjarar, næringsliv og andre offentlege verksemder i tillegg til medarbeidarar på avdelinga og i organisasjonen elles. Stillinga rapporterer til kommunalsjef teknisk og inngår i leiargruppa ved etaten. Arbeidsoppgåver Leie avdeling med 11 tilsette Økonomistyring Personalansvar Iverksette og gjennomføre utbyggingstiltak innan veg vatn og avløp Sikre god drift innan tenesteområdet Saksbehandling for politiske organ og oppfølging av vedtak Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning. Til dømes; ingeniør/sivilingeniør/master innanfor veg, vatn, avløp, bygg, anlegg og liknande, arkitekt, landskapsarkitekt. Erfaring frå offentleg eller privat verksemd innanfor fagfeltet. Erfaring frå prosjektutvikling og prosjektleiing Kompetanse innan økonomistyring og måloppnåing Førarkort minimum klasse B Evne til relasjonsbygging og personlege eigenskapar vil bli vektlagt Personlege eigenskapar Omgjengeleg med gode samarbeidsevner Sjølvstendig, strukturert og resultatorientert Du må kunne jobbe godt både åleine og i lag med andre. Engasjert, løysingsorientert og innovativ Pågangsmot og evne til å drive prosessar framover Vi tilbyr Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av profesjonalitet, sterke fagmiljø,  tilgang til gode nettverk både innan fag og leiing.  Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Løn etter avtale Kontaktinformasjon Arne Runar Vik, kommunalsjef teknisk, 41582440 Arbeidsstad Sjøgata 63 6065 ULSTEINVIK Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar:Ulstein kommune Referansenr.:4529328904 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 17.07.2022
Ulstein kommune