Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

03/06/2021
SØKNADSFRIST: 19.06.2021 Areal- og byggesak søker etter medarbeidar Arealplanleggar Areal- og byggesak har ansvar for kommunen sin arealplanlegging, plan- og byggesakshandsaming, byggetilsyn, kartforvaltning og måle- og deletenester. Eininga kan tilby interessante og utfordrande oppgåver i arbeidet med kommunen sin arealmessige og arkitektoniske utvikling. Våre 19 medarbeidarar arbeider i eit spanande, fleksibelt og tverrfaglig miljø i moderne lokalar sentralt i byen Førde. Areal- og byggesak ønsker mangfald og ein jamn fordeling mellom kvinner og menn på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss uansett alder, kjønn, seksuell orientering, funksjonshemming, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn.  Vi søker no etter: arealplanleggar i 100 % fast stilling Arbeidsoppgåver: sakshandsame reguleringsplanar, endring av reguleringsplanar og dispensasjonar etter plandelen i plan- og bygningslova informere og rettleie innbyggarar i kommunen og profesjonelle aktørar/utbyggarar handsame klagesaker delta i arbeid med overordna planlegging Kvalifikasjonar: Du må ha utdanning på universitets – eller høgskulenivå innan arealplanlegging og/eller arkitektur Du må ha kunnskap om Plan- og bygningslova, samt planprosess og prosjektleiing Relevant praksis kan vege opp for manglande formell utdanning Det vert lagt vekt på god kommunikasjonsevne og gode evner til samarbeid God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Det er ein fordel om du har: erfaring frå fagområdet, men nyutdanna vert også vurdert erfaring innan GIS kjennskap til, og interesse for arkitekturfaglege tema som byutvikling, arkitektur og bukvalitet erfaring frå prosjektbasert arbeid Vi søker deg som: er serviceinnstilt og løysingsorientert har evne til å arbeide godt både sjølvstendig og i gruppe med andre taklar høgt tempo og komplekse oppgåver er initiativrik, strukturert, målbevisst har heilskapsforståing Vi tilbyr: lyse moderne kontorlokale sentralt i Førde gode pensjons- og forsikringsordningar godt sosialt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer Eininga vår er ein god stad å jobbe. Vi er ein kreativ og effektiv organisasjon, og vi set pris på godt humør, arbeidsglede og omsorg for kvarandre. Du vil ha kontorplass i nye og funksjonelle lokalar for tida i Førde sentrum (Sunnfjord rådhus). Hos oss får du ryddige arbeidstilhøve. Sjølv om arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på å vere føreseieleg og gje rom for avspasering og lønskompensasjon. Du søker elektronisk. Vi ser fram til å høyre frå deg! Kontaktperson: Odd Harry Strømsli tlf: +47 57 61 27 15 mob: +47 414 76 710
Sunnfjord kommune