01/10/2020

Ingeniør oppmåling, kart og geodata

  • Bremanger kommune
Ingeniør - Sivilingeniør

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 25.10.2020

Bremanger kommune har ledig fast 100 % stilling som ingeniør innan oppmåling, kart og geodata for tilsetting snarast.

Plan og forvaltning er ei driftseining under avdeling for Samfunn og Utvikling, og omfattar fagområda plan, byggjesak, kart/oppmåling, miljø- og naturforvaltning, hamn og brann. Driftseinniga har i dag om lag 8 årsverk. 

Arbeidsoppgåver

  •  Oppmålingsforretning
  • Matrikkelføring
  • Sakshandsaming etter matrikkellova
  • Ajourhold av kartbasar
  • Tilrettelegge for bruk av GIS og kartprogram, inkludert ajourhold og drift av kommunen sin planbase og kartløysning

Kvalifikasjonar

  • Må oppfylle krav til godkjent utdanning for tildeling av landmålarbrev, jf. matrikkelforskrifta §64 b: Bachelorgrad i landmåling og eigedomsdesign, geomatikk eller tilsvarande studieretning, med minimum 120 studiepoeng juridiske, matrikkelfaglege og landmålingsfaglege emne. 
  • God datakunnskap og erfaring med GIS-Line eller tilsvarande kartsystem er ynskjeleg
  • Relevant erfaring frå offentleg verksemd er ynskjeleg, men nyutdanna kandidater vert også oppfordra til å søkje.

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • Krav om førarkort klasse B

Den vi tilset må

  • ha gode samarbeidsevner, kunne jobbe sjølvstendig og vere løysingsorientert
  • vere serviceinnstilt og ha ei positiv haldning til både publikum og kollegaer
  • ha evne og vilje til å tileigne seg og dele ny kompetanse
  • trivast med eit høgt arbeidstempo og kunne jobbe under press

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver innanfor eit spennande fagfelt
  • Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i offentleg pensjonsordning 

Andre opplysningar

  • Tilsettinga skjer i samsvar med lov og avtaler som gjeld for Bremanger kommune
  •  Lønn etter avtale

Kontaktperson:
Magnhild Myklebust
Leiar plan og forvaltning
95983000

Ansettelsesform

Fast

Søk nå