13/10/2020

Driftsoperatør/ maskinkøyrar VA 100%

  • Kvinnherad kommune
VAR - VVA - VVS

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 31.10.2020

Vi søkjer

Eining for Vatn og Avløp søkjer etter Driftsoperatør som vil få arbeidsplass innafor ansvarsområda drikkevassforsyning og avløpsanlegg. Stillinga vil vera tilknytt Husnes driftsbase og inngår i eit team på 15 tilsette.

Omtale av stillinga

Stillinga er i hovudsak maskinkøyrar men må og delta på andre driftsoppgåver etter behov innen vatn og avløp.

Arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett vil i hovudsak få oppgåver i samband med graving og røyrlegging på kommunale leidningsanlegg, men andre driftsoppgåver vil også liggja til stillinga. Eininga har i dag 2 gravemaskinar (3,5 og 8 tonn) og 1 stor traktor. Stillinga inngår i vaktordninga.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer erfaren maskinkøyrar med nødvendige sertifikat. Det er ynskjeleg med erfaring frå VA-sektoren og at søkjar har ADK-1 sertifikat. Men har ein anna kompetanse med relevant erfaring, kan dette kompensera for manglande VA-erfaring. Vedkomande må ha sertifikat for bil klasse B.

 

Personlege eigenskaper

For stillinga er det viktig å ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevne, være systematisk og ansvarsbevist.
Kunna jobba sjølvstendig og ha grunnlegganda datakunnskapar. Den som vert tilsett må kunna beherska norsk skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt ved tilsetting. Det er ynskjeleg at søkjar oppgjer referansar som evt. kan kontaktast. For stillingane gjeld vanlige kommunale tilsetjingsvilkår i overensstemmelse med gjeldande retningsliner.

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Du vil få spennande oppgåver som vert løyst i samhandling med
dyktige kollegaer i eit tverrfagleg og sosialt kompetansemiljø. Løn etter tariff.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Kontakter

Navn: Egil Eide
Tittel: Driftsingeniør VVA
E-post: egil.eide@kvinnherad.kommune.no
Mobil: 99356126

Ansettelsesform

Fast

Søk nå