20/11/2020

Avdelingsingeniør byggjesak og regulering (2 stillingar)

  • Stryn kommune
Bygg og anlegg Ingeniør - Sivilingeniør

Stillingsbeskrivelse




SØKNADSFRIST: 14.12.2020

Grunna stor saksmengde er det planlagt to nye faste 100%-stillingar innan byggjesakshandsaming og planarbeid i Stryn kommune.  
Vi ser etter deg som har erfaring med planarbeid og byggjesakshandsaming, og som har lyst til  å jobbe med planlegging, sakshandsaming og forvaltning. Du vil vere tilsett på avdeling for byggjesak og regulering. Skriv i søknaden om du er mest interessert i byggjesakshandsaming eller planarbeid.

Dei planlagde stillingane føreset godkjenning i kommunestyret 17. desember 2020. 

Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsområdet er arealplanlegging og sakshandsaming etter plan- og bygningslova.

     Byggjesakshandsamar:

  • Byggjesakshandsaming etter plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter.
  • Førebu og leggje fram politiske saker innan fagområdet.
  • Byggjesakstilsyn.
  • Møte og rettleiing med utbyggjarar og søkjarar.

    Planarbeid:
  • Saksførebuing av arealplanar til politisk handsaming.
  • Ansvarleg for framdrift i planarbeidet.
  • Leie kommunalt planarbeid.
  • Sakshandsame private og offentlege planinitiativ. 

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad eller jurist med erfaring innanfor fagfelta.
  • Særleg relevant realkompetanse kan erstatte krav til formalkompetanse
  • God kjennskap til relevant lovverk: Plan- og bygningslova, TEK17, SAK10, naturmangfoldlova, friluftslova m.fl.
  • Erfaring med offentleg forvaltning og strategisk planlegging er ein fordel.
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk.
  • Kjennskap til programvare knytt til regulering. Erfaring med GisLine og matrikkelførarbevis innan byggjesak er ein fordel. 

Personlege eigenskapar

  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Kan arbeide sjølvstendig, men trivast også med å arbeide i team.
  • Du har gode evne til kommunikasjon med innbyggjarar, planstillar og søkjarar. Løysingsorientert med bakgrunn i fagkunnskap.
  • Du er effektiv, strukturert og har evne til å føreta sjølvstendige vurderingar.
  • God samarbeidsevne og personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Variert og utfordrande arbeid i eit positivt miljø 
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
  • Løn etter avtale

Kontaktperson:
Anne Lyslo
Avdelingsleiar byggesaker og regulering
anne.Lyslo@stryn.kommune.no

Jan Bakke Flore
Kommunalsjef teknisk
97738949

Ansettelsesform

Fast

Søk nå