19/04/2021

Fagarbeidarar Teknisk drift

  • Sunnfjord kommune
VAR - VVA - VVS Vedlikehold - Drift

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 01.05.2021

Teknisk drift har følgande stillingar ledig:

  • 1 x 100 % fast stilling som fagarbeidar for tenesta veg, park og overvatn, Førde
  • 1 x 100 % fast stilling som fagarbeidar for tenesta vatn og avløp, Sande

Om veg og park, vatn og avløp i Sunnfjord Kommune

Tenesta har i dag 20 fagarbeidarar i tillegg til fagkoordinatorar, og inngår i eininga Teknisk drift som til saman har 30 tilsette. Teknisk drift driftar i overkant av 32 mil veg, og har ansvar for drift og vedlikehald av alle veglys, parkareal i kommunen.  VA tenesta driftar 14 vassverk og 28 avløpsverk rundt om i Sunnfjord kommune.

Arbeidsoppgåver

  • arbeidsoppgåver innanfor veg og park, vatn og avløp i eininga teknisk drift /VAR området. I dette inngår dagleg planlegging, organisering, ressursstyring, HMS, teneste- og fagutvikling.
  • sikre ei effektiv drift og vedlikehald til innbyggarane sitt beste innanfor pålagde råmer
  • medverke til kompetanse- og kvalitetsutvikling slik at drifta betrast
  • initiere og fremje nye og innovative løysingar gjennom digitalisering og systematisering
  • rapporterer til Fagkoordinator innan faget

Det kan være aktuelt å inngå i teknisk vakt for begge stillingane.

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • fagbrev innan vegdrift /bygg og anlegg, gjeld stillinga for veg
  • fagbrev som røyrleggar/mekanikar/automatikar, gjeld stillinga for vatn og avløp
  • erfaring frå fagfeltet
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • god IKT- kompetanse
  • sertifikat minimum kl B/BE, ønskeleg med C for vegdrift
  • beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning. 

Personlege eigenskapar:

  • løysingsorientert, med evne til å skape tillit
  • du har evne til å arbeide sjølvstendig og ansvarsfylt
  • du er utviklingsorientert, initiativrik og handlekraftig
  • du er engasjert og har evne til å motivere andre
  • du har gode samarbeidsevne og kan jobbe tverrfagleg
  • du har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • eit godt fagmiljø
  • fokus på et godt arbeidsmiljø
  • lønn i forhold til gjeldende avtaleverk,
  • tariffesta og gode pensjons- og forsikringsordningar

Du må søke elektronisk og krysse av i søknaden kva for stilling du søker på. 

Velkomen som søkar vi ser fram til å høyre frå deg!

Kontaktperson:
Einingsleiar Leif Halvor Kårstad
mob: +47 959 80 989

Ansettelsesform

Fast

Søk nå