21/04/2021

Leiar for bygg- og eigedomsavdelinga i Voss herad

  • Voss herad
Bygg og anlegg Eiendom Ingeniør - Sivilingeniør Ledelse

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 15.05.2021

Er du interessert i å jobbe der det skjer?

Trivst du med mange ballar i lufta?

Likar du å jobba saman med dyktige fagfolk?

Har du ingeniørfagleg eller annan relevant høgare utdanning?

Då har Voss herad jobben for deg!

 

Om arbeidsstaden

Bygg- og eigedomsavdelinga har arbeid innanfor drift og vedlikehald av alle kommunale bygg, bustader, samt idrettsanlegg, parkar og friområde. I tillegg ansvar for alle investeringsoppgåver i nyanlegg og renovering av kommunale bygg

Avdelinga har i underkant av 100 tilsette.

Årleg driftsbudsjett er på om lag 100 mill. kroner, opprusting og nyanlegg får årlege løyvingar via investeringsbudsjettet.

 

Arbeidsoppgåver

- Leiing og driftsansvar for avdelinga med rapportering til kommunalsjef tekniske tenester og sit i leiargruppa for  kommunalavdelinga

- Ansvar for drift, vedlikehald, nybygging, oppgradering og utbetring av kommunale bygg og anlegg.

- Administrativ og politisk sakshandsaming

- Oppfylging av forskrifter og krav

 

Me søkjer

Høgare utdanning som sivilingeniør, ingeniør eller liknande

Leiarerfaring frå offentleg sektor, byggjebransjen, eller andre bransjar knytt til bygg og eigedom

Relevant praksis

Kjennskap til kommunal forvaltning

Gode norskkunnskapar (skriftleg og munnleg), skriftspråket er nynorsk

 

Personlege eigenskapar:

Serviceinnstilt

Gode evner og haldningar knytt til leiing, samarbeid og deling av kunnskap

Resultatorientert

Engasjement med stå på-vilje

 

Me tilbyr

- Spanande og varierte oppgåver i eit godt fagleg og sosialt miljø

- Gode vilkår for fagleg utvikling, til dømes kurs og vidareutdanning

- Løn etter avtale, og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

- Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson: Torbjørg Austrud
Stillingstittel: Kommunalsjef
Telefon: 56 51 96 03
Mobil: 918 74 200

Ansettelsesform

Fast

Søk nå