27/04/2021

Systemingeniør

  • Sogn og Fjordane Energi AS
Elektro - Mekanisk - Rør Ingeniør - Sivilingeniør IT

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 15.05.2021
ARBEIDSSTED: Gloppen

SFE Produksjon er ein av dei stor nasjonale produsentane av fornybar energi frå vind- og vasskraft.

Gjennom systematisk innhenting og handtering av data frå prosessane våre er selskapet langt framme i arbeidet med å utvikle framtidas drift- og vedlikehaldsløysingar. Å best mogleg sikre fellesskapet sine verdar frå vind- og vasskraftproduksjonen i kraftmarknaden er også ein del av dette utviklingsarbeidet.

Framtida er fornybar og digital. Vi er no på jakt etter deg som systemingeniør.

Dine oppgåver vil vere:

• Drift og forvaltning av sentrale driftskontroll- og avrekningssystem: SCADA, tidsseriesystem (EDM), måleverdidatabaser

• Vidareutvikling av ovanfornemnde system for betra effektivitet og kvalitet

• Integrasjon og automatisering for tilpassing til endra marknadsordningar for kraft

Kven er du?

• Du har høgare utdanning, fortrinnsvis innan IKT, alternativt innan ingeniørfag som elektro eller automasjon

• Det er ønskjeleg at du har erfaring med, og interesse for, kontrollsystem

• Du har gjerne kjennskap til kraftproduksjon

• Du har gode samarbeidsevner, er initiativrik og nysgjerrig samtidig som du jobbar strukturert og har evne til å få jobben gjort 

Sogn og Fjordane Energi arbeider målretta for storre mangfald, og oppmodar kvinner til å søke på stillinga.

Om SFE Produksjon

SFE Produksjon er ein del av energikonsernet Sogn og Fjordane Energi (SFE) og byggjer på ei 100 år lang historie som vasskraftprodusent, og har bygd seg opp som ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet.

Produksjonsverksemda er samla i selskapet SFE Produksjon, som omfattar drift, vedlikehald og rehabilitering av eksisterande produksjonsanlegg, kraftutbygging og utviklingsaktivitetar, og eit krafthandelsmiljø som driv fysisk og finansiell omsetting av kraftproduksjonen.

Selskapet har ein gjennomsnittleg, årleg kraftproduksjon på nær 2 TWh , som tilsvarar forbruket i rundt 100 000 heimar. Vi er operatør for 25 av 27 heil- og deleigde kraftverk i Sogn og Fjordane. I tillegg til vår eigen produksjon kjøper vi kraft frå fleire småkraftverk som vi omset i marknaden.

 

Kontaktpersoner:

Bjarte Lofnes Hauge

Fagleiar System

90839039

bjarte.hauge@sfe.no

Ansettelsesform

Fast

Søk nå