27/04/2021

Systemutviklar

  • Sogn og Fjordane Energi AS
IT

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 15.05.2021
ARBEIDSSTAD: Gloppen

Vi ser etter deg som ønskjer å bidra i vårt målretta arbeid og engasjement for framtidas løysingar.

Framtida vår er fornybar og digital, og vi er no på jakt etter deg som systemutviklar.

Dine oppgåver vil vere:

• Delta i utviklinga av SFE sine system og tenester 

• Bidra til utvikling av database- og integrasjonsverktøy for betre flyt og utnytting av data

• Vere med å utvikle selskapet sine datamodellar og rapporterings-løysningar 

• Bruke SFE sine dataseriar til å utvikle nye arbeidsverktøy for automatisering av arbeids-

 prosessar og kunnskapsgrunnlag/beslutningsstøtte


Dette er deg:

• Du har utdanning innan teknologi på universtets eller høgskulenivå

• Du har gjerne nokre års erfaring med systemutvikling

• Du har kjennskap til databasar og databaseutvikling

• Du har kjennskap til Microsoft-verktøy som Power BI, SharePoint, Power Apps, Office 365 og Teams

• Du har kjennskap til integrasjonar, og API 

• Du er nysgjerrig, og har ei genuin interesse for teknologi

• Du arbeider målretta og strukturert

• Du er kreativ og leitar etter løysingar på brukarane  sine utfordringar.  

 

SFE arbeider målretta for eit større mangfald og oppmodar kvinner om å søke på stillinga. 

Fornybarkonsernet Sogn og Fjordane Energi(SFE) produserer, distribuerer og omset fornybar energi. Dette er organisert i form av eit mor- og eigarselskap, Sogn og Fjordane Energi som leverer fellestenester til forretningsområda, produksjonsverksemda, SFE Produksjon, som står for produksjon av fornybar energi frå vind og vatn,SFE , samt nettverksemda, Linja, som syter for distribusjonen ut til kundane våre. Straumsalet til våre privat- og bedriftskundar har vi organisert i eit eige selskap, Kraftfire saman med Tussa, Tafjord og Sognekraft.

SFE byggjer på ei 100 år lang historie som vasskraftprodusent, og har bygd seg opp som ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Produksjonsverksemda omfattar drift, vedlikehald og rehabilitering av eksisterande produksjonsanlegg, kraftutbygging og utviklingsaktivitetar, og eit krafthandelsmiljø som driv fysisk og finansiell omsetting av kraftproduksjonen.

Selskapet har ein gjennomsnittleg, årleg kraftproduksjon på nær 2 TWh (middelproduksjon), som tilsvarar forbruket i rundt 100 000 heimar. Vi er operatør for 25 av 27 heil- og deleigde kraftverk i Sogn og Fjordane. I tillegg til vår eigen produksjon kjøper vi kraft frå fleire småkraftverk som vi omset i marknaden. er ein av dei kritiske infrastrukturane i eit moderne samfunn. Velstanden, tryggleiken og samfunnsutviklinga vår er heilt avhengig av ei trygg og god straumforsyning. I Sogn og Fjordane bidreg nettverksemda vår,Linja, til vekst og utvikling for næringar og samfunn – frå dei yste holmar til dei inste fjordarmar.

Straumnettet vårt har ei utstrekning på meir enn 4000 km. Rundt 120, eller nær halvparten, av SFE-konsernet sine tilsette arbeider med dette nettet. I eit krevjande terreng, med utfordrande vêrforhold, handterer dei eit regionalnett som strekkjer seg frå Sognefjorden i sør til Sunnmøre i nord, og eit lokalnett som forsyner 23 000 nettkundar i kommunane Gloppen, Eid, Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll og delar av Naustdal. 

Kontaktpersoner:

Erlend Klepaker
Fagleiar IKT-utvikling
+47 45494646
erlend.klepaker@sfe.no

Ansettelsesform

Fast

Søk nå