29/04/2021

Prosjektingeniør

  • Sunnfjord kommune
Ingeniør - Sivilingeniør VAR - VVA - VVS

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 20.05.2021

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Teknisk drift er Sunnfjord kommune si tenesteining for kommunaltekniske tenester. Eininga har i dag 28 tilsette servicemedarbeidarar, fagarbeidarar og ingeniørar. I tillegg til dagleg drift og vedlikehald av kommunalteknisk infrastruktur, deltek vi også i mange store og spennande utviklings- og utbyggingsprosjekt. Arbeidsdagen er prega av hektisk aktivitet i eit humørfylt arbeidsmiljø, med faglege og praktiske utfordringar og utviklingsmoglegheiter.

Vi har følgande ledig stilling:

  • 100 % fast stilling som prosjektingeniør vatn og avløp

Vi har behov for å styrke bemanninga innan Vatn og Avløp, og søker difor etter ein VA-ingeniør i nyoppretta stilling som prosjektingeniør. 

Arbeidsoppgåver

Du vil inngå i einingsleiar sin stab, saman med andre prosjektingeniørar. I tillegg til stilling som prosjektleiar, vil du arbeide med utarbeiding og revidering av planverk og styringsdokumenter innanfor området. Vår målsetting om godt og sikkert drikkevann og optimal drift ved avløpsanlegga vil då være en naturlig del av arbeidet. Utstrakt deltaking i eit tverrfagleg fagmiljø vil og være ein svært viktig del av stillinga. Andre oppgåver og funksjonar kan og bli lagt til stillinga ved endringar i organisasjonen.

Kvalifikasjonar

  • sivilingeniør/ingeniør innanfor VA-faget eller andre relevante fagområder
  • det er ønskelig med relevant erfaring frå liknande arbeid, men nyutdanna med relevant utdanning oppfordrast og til å søke
  • du har kjennskap til relevante lovverk innan faget
  • det er ønskeleg med planfaglig kunnskap
  • førarkort klasse B

Kunnskap om offentleg forvaltning er ein fordel.

Relevant erfaring, kan kompensere for manglande høgare utdanning. Det er ønskeleg med relevant prosjektleiarerfaring og GIS-kompetanse, stikking/oppmåling

Personlige eigenskapar

Vi søker etter deg som:

  • likar utfordringar
  • trivast med samhandel på tvers av organisatoriske grenser
  • er kreativ, praktisk og løysningsorientert
  • er ansvarsbevisst, initiativrik og målretta - ein pådrivar for kvalitet og resultatoppnåing
  • er god til å kommunisere, skape tillit og bygge relasjonar både internt og eksternt
  • er sjølvstendig, fleksibel og omgjengeleg
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, samt utgreiingserfaring
  • god IKT – kompetanse
  • evne til å arbeide i team, samt sjølvstendig

Vi tilbyr:

  • gode lønns og arbeidsvilkår
  • faglege utfordringar, der du har høve til å kunne utvikle deg vidare i spennande prosjekt saman med dyktige medarbeidarar
  • aktivt fagnettverk
  • godt sosialt miljø og arbeidsmiljø
  • fokus på kompetanse- og personalutvikling
  • lønn etter kvalifikasjonar, gode pensjons- og forsikringsordningar

Velkomen som søkar!

Kontaktpersonar:

Einingsleiar Leif Halvor Kårstad
mob: +47 959 80 989

Ansettelsesform

Fast

Søk nå