03/05/2021

Byggesakshandsamar - vikariat

  • Stranda kommune
Bygg og anlegg Saksbehandler

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 14.05.2021

Det er ledig vikariat i 100%  stilling som byggesakshandsamar frå d.d til 30.04.2022. 
Eininga er organisert i ulike fagområde og har om lag 25 medarbeidarar inne og ute.
Stranda har eit variert næringsliv og stor aktivitet i byggebransjen. Dette gir spennande og utfordrande oppgåver i byggeskashandsaminga. I tillegg til sakshandsaming er kontakt med publikum og bransjen ein viktig del av arbeidet.
Stranda kommune er nynorskkommune og den som vert tilsett må skrive nynorsk i sakshandsaming og i skriftleg kommunikasjon.

Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort, jf. offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver
  • Handsaming og oppfølging av saker etter plan- og bygningslova
  • Førebu saker til politisk handsaming
  • Andre forvaltiningsoppgåver knytt til eininga sitt ansvarsområde 
Kvalifikasjonar
  • Utdanning frå universitet/høgskule innan byggteknikk, arkitekt eller juridiske fag
  • Søkjarar med anna relevant utdanning og/eller lang erfaring vil også verte vurdert
  • Kunnskap om plan- og bygningslova er ønskjeleg
  • Kompetanse i bruk av dataverktøy
  • Kjennskap til forvaltningsprosessar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort kl. B 
Personlege eigenskapar
  • Evne og vilje til å arbeide effektivt og sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Serviceinnstilt og flink til å kommunisere 
Vi tilbyr
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Snarleg tilsetjing
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktperson:
Cato Andersen
Einingsleiar  46411032

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå