03/06/2021

Arealplanleggar

  • Sunnfjord kommune
Arkitekt - Landskap Planlegging

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 19.06.2021

Areal- og byggesak søker etter medarbeidar
Arealplanleggar

Areal- og byggesak har ansvar for kommunen sin arealplanlegging, plan- og byggesakshandsaming, byggetilsyn, kartforvaltning og måle- og deletenester. Eininga kan tilby interessante og utfordrande oppgåver i arbeidet med kommunen sin arealmessige og arkitektoniske utvikling. Våre 19 medarbeidarar arbeider i eit spanande, fleksibelt og tverrfaglig miljø i moderne lokalar sentralt i byen Førde.

Areal- og byggesak ønsker mangfald og ein jamn fordeling mellom kvinner og menn på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss uansett alder, kjønn, seksuell orientering, funksjonshemming, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. 

Vi søker no etter:

  • arealplanleggar i 100 % fast stilling

Arbeidsoppgåver:

  • sakshandsame reguleringsplanar, endring av reguleringsplanar og dispensasjonar etter plandelen i plan- og bygningslova
  • informere og rettleie innbyggarar i kommunen og profesjonelle aktørar/utbyggarar
  • handsame klagesaker
  • delta i arbeid med overordna planlegging

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha utdanning på universitets – eller høgskulenivå innan arealplanlegging og/eller arkitektur
  • Du må ha kunnskap om Plan- og bygningslova, samt planprosess og prosjektleiing
  • Relevant praksis kan vege opp for manglande formell utdanning
  • Det vert lagt vekt på god kommunikasjonsevne og gode evner til samarbeid
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Det er ein fordel om du har:

  • erfaring frå fagområdet, men nyutdanna vert også vurdert
  • erfaring innan GIS
  • kjennskap til, og interesse for arkitekturfaglege tema som byutvikling, arkitektur og bukvalitet
  • erfaring frå prosjektbasert arbeid

Vi søker deg som:

  • er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • har evne til å arbeide godt både sjølvstendig og i gruppe med andre
  • taklar høgt tempo og komplekse oppgåver
  • er initiativrik, strukturert, målbevisst
  • har heilskapsforståing

Vi tilbyr:

  • lyse moderne kontorlokale sentralt i Førde
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • godt sosialt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer

Eininga vår er ein god stad å jobbe. Vi er ein kreativ og effektiv organisasjon, og vi set pris på godt humør, arbeidsglede og omsorg for kvarandre. Du vil ha kontorplass i nye og funksjonelle lokalar for tida i Førde sentrum (Sunnfjord rådhus). Hos oss får du ryddige arbeidstilhøve. Sjølv om arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på å vere føreseieleg og gje rom for avspasering og lønskompensasjon.

Du søker elektronisk. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Kontaktperson:
Odd Harry Strømsli
tlf: +47 57 61 27 15
mob: +47 414 76 710

Ansettelsesform

Fast

Søk nå