17/08/2021

Sakshandsamar ved byggesak

  • Ullensvang herad
Bygg og anlegg Saksbehandler

Stillingsbeskrivelse




SØKNADSFRIST: 20.09.2021

Byggesakshandsamar i Noregs friluftshovudstad

Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.

Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget. 

Tar du utfordringa? 

Ledig stilling som sakshandsamar byggesak 

2 fast 100% stilling som sakshandsamar byggesak

1 eitt-årig 100% vikariat byggesak 

Stillingane ligg til verksemd for byggesak, kart og oppmåling. Verksemda er no slått saman med verksemd for landbruk og havbruk med felles leiar. Verksemda har i dag 13 tilsette, og det er kontorfasilitetar i Odda, Jondal og Kinsarvik. Ein vil vere fleksibel i høve til arbeidsstad. 

Arbeidsoppgåver:

Hovudmengda av arbeidet er knytt til sakshandsaming knytt til plan- og bygninglova og anna aktuelt lovverk. Dialog med innbyggjarane er også ein viktig del av arbeidet. 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Minimum 3- årig høgare relevant utdanning innan relevant fagkrets, td. ingeniør, agronom, jurist, arealplanleggar. Andre utdanningsretningar kan vurderast.
  • Kjennskap/ erfaring til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda
  • Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon. Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk. 

Eigenskapar:

  • Ynskje om å delta aktivt i utviklinga av den nye kommunen
  • Evne til å arbeida systematisk
  • Gode gjennomføringsevner
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibilitet og positiv innstilling
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode moglegheiter for å utvikla kommunen, tenesta og eigen kompetanse
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår

Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

Kontaktperson:
Trygve Vik
mob: +47 90069759

Ansettelsesform

Fast

Søk nå