29/09/2021

Byggeleiar

  • Kystverket
Bygg og anlegg Ledelse

Stillingsbeskrivelse

 

SØKNADSFRIST: 17.10.2021
ANTALL STILLINGER: 1

Vi søker etter dyktige medarbeidarar som kan vere med på å styrke vårt arbeid med å sikre behovet til sjøtransporten for effektiv og sikker seglas, og ferdsel i farvatnet.

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverkets visjon er å utvikle kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste.

Det er no ledig ei stilling som byggeleiar ved utbyggingsavdelinga i Kystverket. Stillingstittel overingeniør/senioringeniør. Avdelinga har til saman 30 tilsette hovudsakleg i Kabelvåg.  Arbeidsfeltet er allsidig og variert, og ikkje minst engasjerande. Stillinga inneber omfattande reiseverksemd. Byggeleiar må rekne med lengre opphald på anleggsstaden.

Arbeidsstad for tida Kabelvåg.

Arbeidsoppgåver

  • Byggeleiing på anleggsstaden ved gjennomføring av Kystverket sine utdjupingsprosjekter.
  • Oppfølging av prosjektstyrings-, kontroll-, kvalitets- og SHA-planar
  • Kvalitetssikring og kontroll i prosjekterings- og anleggsfase
  • Delta i utarbeiding av konkurransegrunnlag
  • Stillinga kan bli tillagt rolla som koordinator utførande i høve byggherreforskrifta
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar 

  • Ingeniør med utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis bygg- eller anleggslinje.
  • God evne til å legge fram saker både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.
  • Det er ønskeleg med relevant erfaring som byggeleiar, anleggsleiar eller liknande.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå sprengingsarbeid og arbeid knyta til maritimt miljø.
  • Førarkort klasse B
  • Omfattande og relevant erfaring innanfor fagområdet kan kompensere for det formelle utdanningskravet 

Personlege eigenskapar 

  • Ansvarsbevisst, sjølvstendig og strukturert
  • Omgjengeleg og bevisst si rolle som Kystverkets representant på anleggsstaden
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Framtidsretta, engasjert og påliteleg 

Vi tilbyr

  • Utfordrande, interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit kollegialt og utviklande fagmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Kystverket er ei IA-bedrift
  • Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stillinga vert plassert i st.kode 1087/1181 som overingeniør/senioringeniør iht. Kystverkets lønnspolitiske plan.
  • Startlønn frå kr 543 500 (ltr 60), til kr 677 600 (ltr 72), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
  • Kystverket benytter fleksibel arbeidstid. Arbeidstid på prosjekt avtales med nærmaste leiar
  • Kystverket skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hos oss.  

Anna

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. 

Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling 

Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.

Kontaktperson:

Jostein Bøhlerengen Moe Avdelingsleiar
Telefon 995 79 002

Ansettelsesform

Fast

Søk nå