29/09/2021

Senioringeniør

  • Kystverket
Bygg og anlegg Ingeniør - Sivilingeniør

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 17.10.2021
ANTALL STILLINGER: 2

Vi søker etter dyktige medarbeidarar som kan vere med på å styrke vårt arbeid med å sikre behovet til sjøtransporten for effektiv og sikker seglas, og ferdsel i farvatnet.

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverkets visjon er å utvikle kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste.

Det er no ledig to stillingar som prosjektleiar i gjennomføringsfase for prosjekt i Kystverket si utbyggingsavdeling. Stillingstittel er senioringeniør. Avdelinga har til saman 30 tilsette hovudsakleg i Kabelvåg.  Arbeidsfeltet er allsidig og variert, og ikkje minst engasjerande.

Stillinga innebær noko reiseverksemd.

Arbeidsstad for tida Kabelvåg

Arbeidsoppgåver

  • Ferdigstille detaljprosjektering for utbyggingsprosjekt.
  • Utarbeide konkurransegrunnlag og gjennomføre avdelinga sine anskaffingar av rådgjevar- og entreprenørkontraktar.
  • Prosjektleiing og kontraktsoppfølging av Kystvekret sine tiltak i farvatnet.
  • Deltaking i prosjekt- og arbeidsgrupper.
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Sivilingeniør eller ingeniør med utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis bygg- eller anleggslinje.
  • Søkar må ha minimum 5 års relevant erfaring frå planlegging og gjennomføring av større bygge- og anleggsprosjekt.
  • Søkar bør ha relevant praksis frå rådgjevingstjeneste, entreprenørtjeneste  , offentleg etat eller privat verksemd.
  • Det er ønskeleg med erfaring innan, kontraktsoppfølging, geoteknikk og konstruksjonar i maritimt miljø.
  • Det er nødvendig med førarkort klasse B.     
  • God evne til å legge fram saker både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Analytisk
  • God evne til å konkludere og fatte nødvendige tiltak
  • God gjennomføringsevne
  • Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
  • Initiativrik, sjølvstendig og strukturert 
  • Godt humør

Som tilsett skal du kunne identifisere deg med våre verdiar, som er framtidsretta, engasjert og påliteleg 

Vi tilbyr

  • Utfordrande, interessante og varierte arbeidsoppgåver.
  • Eit kollegialt og utviklande fagmiljø.
  • Gode velferdsordningar.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Kystverket er ei IA-bedrift.
  • Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning.
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Stillinga vert plassert i st.kode 1181 som senioringeniør i samsvar med Kystverket sin lønnspolitiske plan.
  • Startlønn frå kr 650 300 (ltr 70), til kr 734 400 (ltr 76), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
  • Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hos oss. 

Anna

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. 

Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling 

Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.

Kontaktperson:
Jostein Bøhlerengen Moe Avdelingsleiar
Telefon 995 79 002

Ansettelsesform

Fast

Søk nå