12/10/2021

Energimontør, linje Sogn og Fjordane

  • Sogn og Fjordane Energi AS
Elektro - Mekanisk - Rør Vedlikehold - Drift

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 15.10.2021

Framtidsretta jobb med meining

Har du lyst på eit meiningsfullt arbeid? Kloden vår ropar etter klimatiltak, og FN sine berekraftsmål syner tydeleg at fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga.

Linja driftar og byggjer straumnett som effektivt fraktar straumen ut og fram til kundane våre. I tillegg er eit robust straumnett nødvendig for å byte ut fossile utslepp med elektrisitet. Både utvinning av ny fornybar energi og elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere utsleppet av klimagassar.

Linja har stor nybyggingsaktivitet i tilknytning til den auka elektrifisering av samfunnet og produksjon av ny fornybar energi, samtidig som vi må drifte og vedlikehalde eksisterande nett for å sikre ei trygg straumforsyning. Vi har eit godt fagmiljø med brei og variert kompetanse innan prosjektering, bygging og drift av vår samfunnskritiske verksemd. Vi treng deg på laget som: 

Energimontør, linje

Dine hovudoppgåver:

  • Som energimontør i vår gruppe vil du jobbe med drift og vedlikehald på Linja sitt overordna regional og sentralnett.
  • Feilretting, utskifting av komponenter i kraftnettet
  • Delta i inspeksjoner, tilsyn og befaringer

 Du har:

  • Fagbrev som energimontør.
  • Erfaring med linjearbeid.
  • Andre fagbrev innan elektrofag vil bli vurdert. Dette med mål om å ta fagbrev innan energimontørfaget.

Du er:

  • Ein person med godt humør og er i god fysisk form
  • Er fleksibel, tek initiativ og liker å stå på
  • Er oppteken av HMS og motivert for å vidareutvikle deg innan ditt fagområde

For å lykkast i stillinga bør du trivast med trivast med varierte arbeidsoppgaver ansvar og er innstillt på ein del reise i arbeidet. Du er innstillt på å måtte rykke ut på større feil og straumavbrot. Du viser gode haldningar til HMS og arbeider  tråd med interne rutiner og instruksar. Du likar å ta ansvar og samarbeider godt med andre

 Arbeidsområde og oppmøtestad:

Du vil ha store deler av Sogn og Fjordane som ditt arbeidsområde, og ein del reiseverksemd må  påreknast. Oppmøtestad etter avtale i Sogn og Fjordane.

Vi tilbyr:

  • Gode forsikrings- og pensjonsordninger
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Arbeidsordning med innarbeiding av fritid,fleksitidsordning,
  • Gode og ordna løns- og arbeidsvilkår

SFE arbeider aktivt og målretta for eit større mangfald og oppmodar også kvinner om å søke på stillinga 

Kontaktpersoner:
Tove Søreide
Avdelingsleiar
+47 938 12 685
tove.soreide.rindheim@sfe.no 

Ansettelsesform

Fast

Søk nå