19/11/2021

Rådgivar - 100 % fast - Plan og byggesak

  • Alver kommune
Arkitekt - Landskap Bygg og anlegg Ingeniør - Sivilingeniør Rådgiver - Konsulent Saksbehandler

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 06.12.2021

Kort om stillinga

Avdeling for Plan og byggesak har 1 ledig stilling som rådgjevar på byggesak.

Avdeling for Plan og byggesak ynskjer deg som vil gjere ein forskjell for Alver kommune. Kombinasjonen av store tettstader, landbruksareal og lang kystlinje gir allsidige arbeidsoppgåver og sakstyper som gjer at du vil få ein variert kvardag.

Avdelinga er ei av fire avdelingar ved Arealforvaltning, saman med Landbruk, Kart og oppmåling og Miljø og tilsyn. Arealforvaltning høyrer til sektoren Teknisk forvaltning og drift, saman med Eigedomsforvaltning og Drift og vedlikehald. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid og du vil jobbe tett med dei andre avdelingane ved Arealforvaltning og Eigedomsforvaltning i nesten alle saker. Vi samhandlar også med andre myndigheiter på både fylkesnivå og på statleg nivå.

Bli ein del av vårt gode arbeidsmiljø! 

Plan og byggesak

Avdeling for Plan og byggesak er ei avdeling med 15 tilsette fordelt på byggesak og planforvaltning. Vi har arbeidsplassen vår i kommunehuset på Frekhaug, og har kunderettleiing på Manger og i Knarvik. 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga er rettleiing og sakshandsaming etter plan- og bygningslova:  

  • Handsaming av bygge- og delesaker
  • Handsaming av søknadar om dispensasjon
  • Førebu og gjennomføre førehandskonferansar
  • Informasjon og kunderettleiing til privatpersonar og føretak

Stillinga inneber og kontakt og samarbeid med andre myndigheiter, og tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar i kommunen.

Kompetansekrav
  • relevant høgare høgskule eller universitetsutdanning, som t.d. arkitekt/ingeniør/jurist.
  • god kunnskap om plan- og bygningslova og forvaltningslova
  • erfaring som sakshandsamar frå sakshandsaming av bygge-, dele- og dispensasjonssaker.

Vi søkjer deg som: 

  • har evne til å raskt sette deg inn i nye problemstillingar
  •  er strukturert, systematisk og serviceinnstilt
  •  leverer arbeid av høg kvalitet
  •  har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • trivs med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer og leiar
  •  er løysingsorientert og fleksibel
  •  har sertifikat for bil

Vi tilbyr

  • Tilsetjingsvilkår etter lov- og avtaleverk
  • Løn etter avtale
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med høg kompetanse

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

Om arbeidsgiveren

Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.

For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Kontaktperson:
Are Frøysland Grande
Telefon 56 37 11 92

Ansettelsesform

Fast

Søk nå