22/06/2022

Leiar for anleggs- og driftsavdelinga

  • Ulstein kommune
Bygg og anlegg Ledelse VAR - VVA - VVS Vedlikehold - Drift

Stillingsbeskrivelse


Ulstein kommune, teknisk etat søkjer etter leiar av anleggs- og driftsavdelinga.
Leiaren har ansvar for drift, utvikling og utbyggingsprosjekt for tenestene vassforsyning, avløp, kommunale vegar, hamn og grøntanlegg. Leiaren har omfattande kontakt med innbyggjarar, næringsliv og andre offentlege verksemder i tillegg til medarbeidarar på avdelinga og i organisasjonen elles. Stillinga rapporterer til kommunalsjef teknisk og inngår i leiargruppa ved etaten.

Arbeidsoppgåver

  • Leie avdeling med 11 tilsette
  • Økonomistyring
  • Personalansvar
  • Iverksette og gjennomføre utbyggingstiltak innan veg vatn og avløp
  • Sikre god drift innan tenesteområdet
  • Saksbehandling for politiske organ og oppfølging av vedtak

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning. Til dømes; ingeniør/sivilingeniør/master innanfor veg, vatn, avløp, bygg, anlegg og liknande, arkitekt, landskapsarkitekt.
  • Erfaring frå offentleg eller privat verksemd innanfor fagfeltet.
  • Erfaring frå prosjektutvikling og prosjektleiing
  • Kompetanse innan økonomistyring og måloppnåing
  • Førarkort minimum klasse B
  • Evne til relasjonsbygging og personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Omgjengeleg med gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig, strukturert og resultatorientert
  • Du må kunne jobbe godt både åleine og i lag med andre.
  • Engasjert, løysingsorientert og innovativ
  • Pågangsmot og evne til å drive prosessar framover

Vi tilbyr

Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av profesjonalitet, sterke fagmiljø,  tilgang til gode nettverk både innan fag og leiing. 

Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Arne Runar Vik, kommunalsjef teknisk, 41582440

Arbeidsstad

Sjøgata 63
6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Ulstein kommune

Referansenr.:4529328904
Stillingsprosent: 100%
Fast

Søknadsfrist: 17.07.2022

Ansettelsesform

Fast

Søk nå