04/10/2019

Avdelingsingeniør

  • Øystre Slidre kommune
Ingeniør - Sivilingeniør Vedlikehold - Drift

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 01.11.2019

Øystre Slidre kommune har ledig nyoppretta 100% fast stilling som avdelingsingeniør i avdeling for Teknisk drift. Avdelinga har ansvar for veg, vatn/avløp og forvalting og vedlikehald av kommunal eigedom. Vi søkjer etter ein person med relevant utdanning og kompetanse innan planlegging, utbygging og drift av kommunale VVA-anlegg og bygningar. Arbeidsoppgåvene vil kunne omfatte alle fasar frå utgreiing, prosjektering og anleggsoppfølging.

Søkjarar må ha god formuleringsevne munnleg og skriftleg, og god evne til planlegging og resultatoppnåing. Vi søkjer deg som er kreativ, har gode samarbeidsevner, og som har ei god serviceinnstilling. Gode IKT-kunnskapar er ein føresetnad, og det er ein fordel om du har kjennskap til lov om offentlege innkjøp.

Nærare opplysningar ved leiar for teknisk drift, Ellen Petrine Fretheim tlf. 900 11 770.

Vi kan tilby:

  • utfordrande stilling i ein kommune i stor utvikling

  • godt arbeidsmiljø med positive og dyktige medarbeidarar

  • konkurransedyktig lønn

  • gode pensjons- og forsikringsordningar

  • gode lønns- og arbeidsvilkår

  • eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø, med faglege utfordringar og gode mogelegheiter for personleg utvikling

Søknad merka med arkivsaksnr. 19/1905 skal sendast elektronisk via våre internettsider: www.oystre-slidre.kommune.no -- ledige stillingar.

Søknadsfrist: 1. november 2019

Ansettelsesform

Fast

Søk nå