17/03/2020

Prosjektingeniør

  • Kvinnherad kommune
Ingeniør - Sivilingeniør

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 17.04.2020

Omtale av stillinga

Eining for prosjektering og utbygging i Kvinnherad kommune har ansvar for gjennomføring av alle vedtekne investeringsprosjekt i kommunen, utvikling og tilrettelegging av kommunale næringsareal, kjøp og sal av kommunal eigedom. Eininga er sentral i kommunen og samarbeider både eksternt og internt i organisasjonen, med ulike leverandørar og konsulentar og ikkje minst med innbyggjarane i Kvinnherad kommune.

Prosjektleiar rapporterer til einingsleiar for prosjektering og utbygging, og har som dagleg hovudoppgåve å leie prosjekt som går over tidsavgrensa periodar. Arbeidet er i stor grad styrt av 4 hovudkriterier; økonomi, framdrift, HMS og kvalitet.

For å få ei god gjennomføring av prosjekt, er det viktig å ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og kunna arbeida sjølvstendig, systematisk og ansvarsbevist.

I tråd med tida går vi no inn i ein periode med fleire prosjekt som er knytt til ny-bygg og modernisering av bygg.

Her vil elektroniske og digitale system som SD-anlegg utgjer ein større del av prosjekta/bygningsmassen. I tillegg vil det verte fleire prosjekt knytt til veg, samferdsel og anna infrastruktur.

Erfaring og kompetanse knytta til dette, er noko som vi ønskjer å styrke i prosjektleiarteamet vårt.

Arbeidsoppgåver

" hovudansvar for å planleggje, gjennomføre og evaluere prosjekt
" HMS- og kvalitetsansvar i eigne prosjekt
" ansvar for at prosjekta vert gjennomført etter plan og tidsfristar
" ansvar for økonomien i eigne prosjekt og rapportere til einingsleiar
" ansvar for dokumentasjon før, under og etter prosjekta
" finne gode løysingar og ta avgjerdsler ut i frå økonomiske rammer, politiske vedtak og mål i prosjekta
" motivere og vegleie samarbeidspartnerar og leverandørar for å få dei til å yte sitt beste
" Delta i andre prosjektoppgåver- og gjennomføring etter behov

Kvalifikasjonar

"3-årig bachelor eller teknisk utdanning med erfaring innan tekniske eller digitale fagfelt
"Erfaring innan prosjektarbeid og prosjektleiing
"Andre personleg eigenskapar som vi ser etter er;
o Leiareigenskapar
o Trivast med ansvar og sjølvstendig arbeid
o Er strukturert og har orden
o Har økonomisk forståing
o God på dialog og kommunikasjon
o God teknisk og digital forståing
"Me ser etter deg som evnar å sjå moglegheiter og løysingar på tvers. Du er god til å etablere og utvikle tillitsfulle relasjonar og skape forståing for vår verksemd. Personlege eigenskapar vil bli vektlagd og relevant erfaring kan kompensere for manglande relevant utdanning.
"Me ser etter deg som evnar å sjå moglegheiter og løysingar på tvers. Du er god til å etablere og utvikle tillitsfulle relasjonar og skape forståing for vår verksemd. Personlege eigenskapar vil bli vektlagd og relevant erfaring kan kompensere for manglande relevant utdanning.
"Grunnleggjande datakunnskapar er eit krav - opplæring i eigne system vert gitt. Du må også ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
"Du må har sertifikat og kunne disponere eigen bil.

Vi tilbyr

Vi har eit godt arbeidsmiljø og stabile arbeidstakarar. Du vil få spennande oppgåver som vil bli løyst i samhandling med
dyktige kollegaer i eit tverrfaglig og sosialt kompetansemiljø.

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Kontakter

Navn: Anne Guri Haugerud Kildal
Tittel: Prosjektleiar
E-post: anne.guri.haugerud.kildal@kvinnherad.kommune.no 
Mobil: 90092068

Ansettelsesform

Fast

Søk nå