24/03/2020

Oppmålingsingeniør

  • Aukra kommune
Arkitekt - Geografi - Landskap Ingeniør - Sivilingeniør

Stillingsbeskrivelse

 

SØKNADSFRIST: 01.04.2020

Om eininga/avdelinga
Eining for tekniske tenester har ansvar for bygg/eigedom og utbygging, plan- og byggesaker, kommunalteknisk infrastruktur. Ved eininga er det ledig stilling (100%, fast) som oppmålingsingeniør.   

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga omfattar kommunen sine oppgåver etter matrikkellova og delingslova.
  • I hovudsak gjeld dette arbeid med oppmålingsforretningar, merking, måling og matrikkelføring av eigedomar.
  • Registrering av VA-nettet.
  • Adressering.
  • Det kan og vere aktuelt med ansvar for andre oppgåver innanfor eininga sitt ansvarsområde.

Krav til søkar

*  Høgare utdanning: Master, ingeniør
*  Spesialisering innanfor GIS, kartforvalting og oppmåling
*  Det er eit ønske at søkar har matrikkelførarkompetanse
*  Praksis frå relevant offentleg verksemd
*  Analytisk og ryddig, med god munnleg, visuell og skriftleg framstillingsevne
*  Samarbeidsevne og å kunne arbeide sjølvstendig
*  Førarkort kl. B.

Vi tilbyr

- Kommunale tilsetjingsvilkår og lønn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid med kjernetid/fleksibel tid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Flyttegodtgjersle etter lokalt reglement
- Stønad frå eige fond til etter- og vidareutdanning
- Godt arbeidsmiljø i gode arbeidslokale

Kommunen har nynorsk som målform.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"

Kontaktpersonar:

Kjell Lode
tlf: +47 71171560
mob: +47 95258317

Ansettelsesform

Fast

Søk nå