07/05/2020

Byggjesakshandsamar

  • Gulen kommune
Bygg og anlegg Ingeniør - Sivilingeniør Saksbehandler

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 20.05.2020

Ynskjer du å jobbe med byggjesakshandsaming og tilsyn i ein liten kommune med stor aktivitet?

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling på byggjesakshandsaming og tilsyn, med oppstart snarast/ etter avtale. Stillinga ligg til eining for Plan, landbruk og teknisk, der me er 10 tilsette som hovudsakleg jobbar med byggjesakshandsaming, planforvaltning, kart- og oppmåling, landbruk, miljø og klima.

Stillinga vil vere delt mellom byggjesakshandsaming og tilsyn. Den som tiltrer stillinga vil jobbe i nært samarbeid med vår byggjesakshandsamar og resten av eininga.

Arbeidsoppgåver:

  • Handsaming i byggje,- dele-, og dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova
  • Råd og rettleiing etter plan- og bygningslova
  • Ansvar for tilsyn og oppfølging av ulovlege tiltak
  • Handsaming av klagesaker knytt til ansvarsområdet
  • Deltaking i plangruppemøter og politiske utvalsmøter
  • Eventuelt GIS-bistand i plansaker
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar:

  • Minimum treårig utdanning på høgskule --eller universitetsnivå innanfor relevant fagområde, helst ingeniør
  • God kjennskap til plan- og bygningslova, samt anna relevant lovverk
  • Helst erfaring med byggesakshandsaming og tilsyn
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne og forståing for politiske og kommunale prosessar
  • Erfaring med kommunalt sakshandsamingssystem og GIS er ynskjeleg
  • Kjennskap til kommunen er ein fordel
  • Krav om førarkort kl B

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å raskt sette seg inn i nye problemstillingar
  • Strukturert, systematisk og leverer arbeid av god kvalitet
  • Løysingsorientert, fleksibel og sørvisinnstilt
  • Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar for kollegaer og leiar
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna:

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkarjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til å skaffe bustad

For mer informasjon kontakt: , Einingsleiar Ingvild Høydal, Tlf: 57782041, Epost: ingvild.hoydal@gulen.kommune.no

Ansettelsesform

Fast

Søk nå